Vestland fylkeskommune skal leggje til rette for auka verdiskaping innan fiskeri og havbruk, og ei god forvaltning av marine ressursar.
Fylkeskommunen er opptatt av rekruttering til næringa, og gir mellom anna tilbod om opplæring i Vg2 fiske og fangst ved Austevoll vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule.
Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning, og tilbyr også kurs for tilsette i næringa. Opplæringskontora skal sikre gode og trygge opplæringsarenaer for fagopplæring i bedrift. I tillegg arbeider opplæringskontora for å auka rekrutteringa til næringa og informera om utdanning og karrieremoglegheiter.
Vestland fylkeskommune har også ordningar innan finansiering for bedrifter som vil søke om midlar til forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) med innovasjonspotensial. Dei kan få hjelp til å finne aktuelle program å søke på, og å finne forskarar å samarbeide med. Vidare har vi utlysing av midlar til støtte for utviklingsprosjekt.
Vestland fylke er aktivt medlem av fleire internasjonale nettverk og møteplassar innan marin sektor, mellom anna marin ressursgruppe i Nordsjøkommisjonen (NSC) og Nordisk atlantisk samarbeid (NORA).
https://www.vestlandfylke.no
Fylkeskommunen er opptatt av rekruttering til næringa, og gir mellom anna tilbod om opplæring i Vg2 fiske og fangst ved Austevoll vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule.
Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning, og tilbyr også kurs for tilsette i næringa. Opplæringskontora skal sikre gode og trygge opplæringsarenaer for fagopplæring i bedrift. I tillegg arbeider opplæringskontora for å auka rekrutteringa til næringa og informera om utdanning og karrieremoglegheiter.
Vestland fylkeskommune har også ordningar innan finansiering for bedrifter som vil søke om midlar til forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) med innovasjonspotensial. Dei kan få hjelp til å finne aktuelle program å søke på, og å finne forskarar å samarbeide med. Vidare har vi utlysing av midlar til støtte for utviklingsprosjekt.
Vestland fylke er aktivt medlem av fleire internasjonale nettverk og møteplassar innan marin sektor, mellom anna marin ressursgruppe i Nordsjøkommisjonen (NSC) og Nordisk atlantisk samarbeid (NORA).
https://www.vestlandfylke.no
Om utstillarane
Sea Management
Sea Management AS er eit selskap som driver med prosjektleiing, byggoppfølging og Site leiing. Vi tar på oss dette for reiarlag, verft, konsulentar, produsentar av utstyr etc. Vi tar på oss oppdrag både innanlands og utanlands. Sea Management vart starta i 2012, men for og møte etterspørselen starta vi opp ei avdeling i Szczecin i Polen i 2024. Planane våre er å auke på endå meir og få kontor i Gdansk også.
Vi formidlar dyktige folk innan alle fagfelt så ikkje nøl med og ta kontakt om behovet skulle melde seg. |
Ulvesund Elektro
Som fagpersonar er vår viktigaste oppgåve å sikre bærekraftige, pålitelege og haldbare elektriske system. Enten det gjelder å sørge for du kan slå på lyset og nyte ein kopp kaffe om morgonen, eller at fartøy og maskiner kan operere uten avbrudd. Gjennom høg teknisk kompetanse, fleksibilitet og tilgjenge ser vi til at du er påkobla – både på land og til havs. Vi tar utfordringar på strak arm, slik at du kan ha stabil kurs framover.
Vi har spesialisert oss innen prosjektering, service og installasjon av maritim elektro og maritim elektronikk for skipsfart og lystbåter, og totalleveranser og installasjon til verft/rederi. Vi har moderne lastbank for utleie til blant annet lastprøve av generatorer og batteribanker. |
Arez
AREZ -konsulentselskapet med meir enn 63 års erfaring frå oppfølging av store komplekse prosjekt i maritim sektor.
Dette i form av nybygg til offshore, ferjer, brønnbåtar, landbasert fiskeoppdrett, samanstilling av vindturbinar m.m. Arez er lokalisert i Leirvik i Hyllestad og består av tre personar med erfaring og kunnskap innan økonomileiing, prosjektstyring, HMS, gjeldshandtering m.m. Vi tar på oss store eller små prosjekt – i innland eller utland. Vi er fleksible, kvalitetsbevisste og vil skape tryggheit for våre kundar. |
MHService
MHService er eit tradisjonsrikt energiselskap heimehøyrande på Nordvestlandet. Vi har levert drivstoff, smøreoljer, urea, vaskemiddel og tilhøyrande produkt både til vanns og til lands sidan tidleg i førre århundrede. Frå det omfattande lageret vårt, kan vi tilby dei fleste varer som skip treng.
MHService er den største frittståande leverandøren av Castrol smøreolje. I tillegg til Castrol, leverer vi også smøreolje frå Texaco, Shell, Mobil, Fuchs, Petro-Canada og Omega. På hovudkontoret vårt i Måløy har anlegget 9 tankar for drivstoff, eigen marina, butikk, to kaier med fire pumpehus og store produktlager. I Måløy finn vi også teknisk avdeling, rekneskap og administrasjon. I tillegg til Måløy har vi også eit anlegg i Ålesund på Osholmen i Skarbøvika. Der er det gode kaiforhold for utlevering av bunkers, urea og smørjemiddel. Anlegget har også egen marina med bensin og diesel til fritidsbåtmarknaden, og egen butikk som er open alle kvardager. |
Westmek
Westmek produserer utstyr for behandling av fisk om bord i havgående fiskefartøy. Selskapet prosjekterer, teikner og monterer installasjoner i rustfritt stål, syrefast stål og aluminium over heile Nord-Vestlandet. Selskapet har òg oppdrag for andre fartøy og gjennomfører klassearbeid i tett og godt samarbeid med Det Norske Veritas, Bureau Veritas og Sjøfartsdirektoratet. Selskapet leverer òg tenester til landbaserte industrianlegg, samt har oppdrag for oppdrettsnæringa i regionen.
|
Austevoll Næringsråd
Austevoll Næringsråd er næringsforeininga i Austevoll og sameiner eit hundretals bedrifter innanfor ulike bransjar. Næringsrådet representerer ei lang rekke bedrifter som direkte eller indirekte har verksemd innanfor dei marine og maritime næringane.
Blant formåla til næringsrådet er å utvikle næringslivet vidare, knyte band mellom næringsaktørar, styresmakter og utdannings- og forskingsaktørane i kommunen. Næringsrådet skal også bidra til å forsterke kompetansen i Austevoll og sikre fleire kompetansearbeidsplassar i kommunen, både i privat og offentleg sektor. Austevoll Næringsråd var prosjekteigar for forprosjektet til Blått kompetansesenter vest og eig 50 prosent av Blått kompetansesenter vest. Næringsrådets styreleiar Hege Lauvik er styremedlem i Blått kompetansesenter vest. |
Blått kompetansesenter
Blått kompetansesenter vest (BKSV) er eit regionalt senter for utvikling av marin og maritim verksemd. BKSV er eit samarbeid mellom fiskeri- og havbruksklynga i Austevoll, Havforskingsinstituttet, skular for marin og maritim utdanning og fiskerikommunen Austevoll. Gjennom BKSV skal ein kople utdanning, forsking og blå næring. Med dette samarbeidet skal ein bidra til utvikling av ei berekraftig ressursforvalting, samt skape vekst, riktig kompetanse og framtidas arbeidsplassar i næringa.
Ein skal ha lav terskel for å kontakte BKSV. Under NOR-Fishing er alle velkomen til å besøke BKSV på Vestlandspaviljongen, og ikkje minst; følg med på kva spørsmål som skal diskuterast under den daglege «Havbristimen» som vert arrangert på BKSV sin stand. |
|
Vestnes Ocean
Vi spesialiserer oss på interiørløysningar for skip og landbaserte bygg. Vi leverer komplette interiørpakkar til ulike typar fartøy som fiskebåtar, ferjer, offshore og cruiseskip bl.a. Vi har våre eigne møbeldesign spesielt utvikla for skip. Dei heiter «Willy» og «Keys» og som siste tilvekst, «Klova», som lanserast på Nor Fishing.
I Vestnes Ocean tilbyr vi òg møblar til offentlege miljø som kontor og skular. Vi er en betydeleg aktør med meir enn 30 års erfaring innanfor feltet og vi har utvida vår bedrift til fleire internasjonale lokasjonar som Polen, Frankrike og India. |
Stadyard
Stadyard tilbyr komplette løysingar med høg kvalitet for reparasjon, vedlikehald og nybygging innanfor den maritime sektoren.
Vår visjon er å vere eit foretrukket alternativ innanfor reparasjon, vedlikehald og nybygging med bakgrunn i vår kompetanse på vårt godt beliggande og kompakte verft på Raudeberg. Gjennom fokus på våre tilsette og ved å framstå som ein god og attraktiv arbeidsplass, skal vi tilby den beste service for våre kundar. Frå våre lange og stolte tradisjonar skal vi bevare det positive og verdifulle, og ut frå dette møte dagens og morgondagens moglegheiter med eit positivt, men kritisk og offensivt blikk. Våre verdiar er forankra i følgande: - KVALITET i alle ledd - MENNESKER i fokus - STOLTHEIT som tilsett og kunde - SAMSPEL med tilsette, kundar, leverandørar, andre verft og vårt lokalmiljø |
Norbait
Norbait produserer i dag agn, til både line- og teinefiske, basert på restråstoff fra fiskeindustrien. Utnyttelse av restråstoff, i motsetning til rund fisk, gir et mer bærekraftig og miljøvennlig agn. På sikt bidrar det også til en mer forutsigbar agnsituasjon.
I dag produserer vi kommersielt hyseagn som kan vise til gode fangster av hyse, samtidig som det fisker betydelig mindre bifangst sammenlignet med andre, naturlige agn. Norbait har hatt flere lovende resultater på både taskekrabbe, sjøkreps og snøkrabbe og satser på å ha agn til kommersielt salg fra høsten 2024. Agn til andre arter som torsk, lange, tannfisk, blåkveite, m.fl. er under utvikling og vil få et større fokus i 2024. Selskapet eies 50/50 av Domstein Fish AS og Mustad Autoline AS, som er leverandører av agn og utstyr til både teine -og krokfiske i Norge og internasjonalt |
Fjell Technology Group
Fjell Technology Group har forankra i sin strategi og vere ein viktig bidragsytar i sirkulærøkonomien innan restavfall.
I dag er vi ein av dei leiande leverandørane av teknologi for prosesseringsutstyr for reststoff. Bruk av slik teknologi for å utnytte alle deler av fisken betyr at fiskeprosesseringsanlegg betydeleg reduserer sine avfallsmengder, aukar inntening, samtidig som dei tilbyr de beste løysingane for "den andre verdikjeda". Fjell Technology Group har gjennom innovasjon utvikla verdens mest energieffektive prosessanlegg for produksjon av fiskemel og fiskeolje. Fjell Technology Group kan levere nøkkelferdige fiskemel- og fiskeoljeanlegg for både fabrikkskip og landbaserte anlegg. I tillegg til å arbeide i fiskeprosesseringsindustrien, leverer Fjell Technology Group òg teknologi for reinsing av avløpsvann frå fiskeforedlingsindustri og akvakultur og løysningar for å resirkulere slam frå havbruk, biogass, og kommunale avfallsanlegg (MWWTP). For MWWTP-anlegg og biorest leverer Fjell Technology Group løysningar for både full- og delvis tørking. Fjell sin ambisjon er å levere signifikante bidrag til å styrke den globale sirkulærøkonomien. Gjennom vår FoU aktivitet utviklar vi ny og revolusjonerande teknologi for CO2-fangst og ny teknologi for å skape verdi av tørket slam frå fiskeri- og akvakulturnæringen. Technology for value circle |
FiskevegnVi er leiande produsent av linesystem.
AS Fiskevegn er ein global aktør i produksjon og sal av line og fiskereiskap til profesjonelt fiskeri. Selskapet er lokalisert på Flatraket i Stad kommune og har salskontor og butikkutsal i Ålesund. Vi skal vidareutvikle oss til å tilby innovative, berekraftige produkt på den globale marknad i godt samarbeid med våre leverandørar, samarbeidspartnarar og kundar. Vår verksemd skal vere solid forankra i Nordfjord. Vår visjon er å vere ein verdsleiande produsent av line for berekraftig profesjonelt fiske. |